Advertisement
Aina Basso er historikar og forfattar. Ho skriv historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar, ofte med handling frå 1600-, 1700- og 1800-talet.Møt ho i samtale med formidlar Theresa Wallevik om novellesamlinga Eg rissa desse runene (Samlaget, 2023).
Basso legg desse novellene lengre attende i tid, nærmare bestemt 1100 -1200 - talet. Runeinnskrifter som vart funne ved utgravingane på Bryggen i Bergen dannar utgangspunkt for dei tretten novellene, der lesaren får innblikk i korleis heilt vanlege personar lever i kvardagen, gjennom skildringar frå heimen eller arbeidet på sjøen. Me får lesa om liv som trass alt ikkje er så heilt ulike dei liva me lever i dag.
Eg rissa desse runene vart nominert til bibliotekets litteraturpris 2025
Fortalt fortid er ein arrangementsserie der biblioteket ynskjer å visa fram breidda i norsk historieframstilling, og korleis historia kan formidlast på nye måtar gjennom ulike sjangrar.
Arrangementsserien er støtta av Fritt Ord.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kulturhuset, Evangervegen 6, 5704 Vossavangen, Norway, Evangervegen 6, 5704 Voss, Norge, Voss, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





