Naustlandet – Ei bok om nausta langs norskekysten.

Thu May 07 2026 at 06:00 pm to 07:00 pm UTC+02:00

Kvitaneset 17 , 5550 Sveio, Norge | Haugesund

Sveio folkebibliotek
Publisher/HostSveio folkebibliotek
Naustlandet \u2013 Ei bok om nausta langs norskekysten.
Advertisement
Forfattar Eva Røyrane vil presentere arbeidet med å dokumentere kystens kulturminne, og deira historier.
Arrangementet er eit samarbeid mellom KIK – Sunnhordland med verdiskapingsprosjektet Sjøbruksmiljø i Sunnhordland, og folkebiblioteka i regionen. Kvelden innleiast med å ei kort orientering om arbeidet med å ta vare på sjøbruksbygningar i regionen, etterfølgt av presentasjon av Naustlandet ved Eva Røyrane.
Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth er også kjent for bøker som Klyngetunet, Norges låver, Vestlandshus og Av stein. Naustlandet er utgitt av Skald forlag.
Det vil vere sal av Naustlandet til 699,-
Medarr.: Sveio Gullforening

Om prosjektet:
Naustlandet
ei bok om nausta langs norskekysten
Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar Eva Røyrane har reist langs kysten og innover mange fjordar frå Agder i sør til Finnmark i nord, på leit etter naust. Dei ville finna ut korleis det står til med dei gamle nausta, desse kystens kulturminner som fortel om kystlivet slik det var før oljealderen endra alt.
Naustet i støa var ein viktig driftsbygning på garden til fiskarbonden, som var meir bonde enn fiskar i dei indre fjordstrøka. Ute ved kysten var det omvendt. I nausta låg mindre båtar til heimefiske og dagleg ferdsel og større båtar til sesongfiske, frakt og kyrkjeferd. Og naustet var arbeidsplass, ikkje berre for vedlikehald av båtar, garn og nøter. I naust er det laga tønner, bygd båtar og slakta sauer og kyr. Somme stader har naustlemen vore bustad, både for farande folk og for fastbuande.
Boka Naustlandet, som nyss kom ut på Skald forlag, fortel at det står både svært dårleg og ganske bra til med nausta. Naustet er den gardsbygningen som, på grunn av manglande bruk, er mest utsett for forfall. Tilårskomne naust rotnar ned og blir borte. Samstundes er det ei aukande interesse for å ta vare på gamle hus. Dette nyt mange naust godt av. Denne boka dokumenterer forfallet, men fortel og om eigarar som forbarmar seg over forkomne naust og om eldsjeler som ivrar for kystkulturen ved å dokumentera naust og formidla lokal kystkunnskap.
Dei mange nausta har ulike historier å fortelja, om byggjemåte og om bruk. I nord handlar det om naustgammer, store skjelternaust og enkle etterkrigsnaust, Lenger sør: stavbygde naust, grindnaust, tømranaust og steinnaust. Og heilt sør, der det er liten skilnad på flo og fjøre: båtgarasjar.
Advertisement

Event Venue

Kvitaneset 17 , 5550 Sveio, Norge, Sveiogata 17, 5550 Sveio, Norge, Haugesund, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Haugesund

Ull p\u00e5 ull! Hulda Garborg-kveld i Haugesund (KUN 30 PLASSER)
Wed, 06 May at 07:00 pm Ull på ull! Hulda Garborg-kveld i Haugesund (KUN 30 PLASSER)

Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway

Made in Norway
Thu, 07 May at 07:00 pm Made in Norway

Tysværtunet Kulturhus

Forfatterbes\u00f8k: Kathrine Nedrejord - Sameproblemet (NY DATO)
Thu, 07 May at 08:00 pm Forfatterbesøk: Kathrine Nedrejord - Sameproblemet (NY DATO)

Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway

Hungry John
Thu, 07 May at 08:00 pm Hungry John

Sjøhuskleiva 5b, 5523 Haugesund, Norway

Anlegg 2026 Haugesund
Fri, 08 May at 11:00 am Anlegg 2026 Haugesund

Haugaland Travpark

Haugesund-Spretten 2026
Fri, 08 May at 04:00 pm Haugesund-Spretten 2026

Haugesund Rideklubb

Haugesund is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Haugesund Events