Advertisement
Start dagen med ro, fokus og gode smakar!Vi inviterer til ei morgonstund med felles morgonmeditasjon, etterfølgd av heimelaga frukost. Du treng ingen erfaring frå før.
Du treng ikkje ta med noko, men komfortable, varme klede å sitje i er tilrådde.
Vi startar med ei lita innlandings- og pusteøving på om lag ti minutt, før vi går vidare til ei felles meditasjon på rundt 20 minutt.
Etterpå ventar frukost med nybakte rundstykke og pålegg, yoghurt med müsli, eit glas juice og nytrakta kaffi.
Det er Trine Smukkestad Lavik som leier meditasjonen. Du kan lese meir om henne her: https://www.flxbl.no/organizer/5061/pust-i-lag-med-trine
Du betaler 250 kr for frukost. Trine held meditasjonen donasjonsbasert, det vil seie at du kan donere eit valfritt beløp til henne etter timen om du ønskjer.
Det er maks 10 plassar, så her er det førstemann til mølla!
Påmelding og betaling skjer via VIPPS #964027: Vel «Morgonmeditasjon og frukost», den datoen du ønsker og merk med namn og eventuelle allergiar.
🕖 Meditasjon: 07.30–08.00
🥐 Frukost: frå 08.00
🌿 Velkomen!
Advertisement
Event Venue
Parkvegen 6, Sogndalsfjøra, Parkvegen 6, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.









