Melovittens konsertbonanza 2026

Fri, 12 Jun, 2026 at 06:00 pm to Sun, 14 Jun, 2026 at 09:00 pm UTC+02:00

Melovitten | Dombås

Melovitten
Publisher/HostMelovitten
Melovittens konsertbonanza 2026
Advertisement
Velkomen til Melovittens konsertbonanza 12.-14. juni 2026 i vakre Vågå! 🎉
Plateselskapet Melovitten feirer fem år i 2026, noko vi vil feire med ei sommarleg og feststemt folkemusikkhelg i heimbygda.
Denne helga byr på konsertar med eit knippe av Melovittens lokale artistar frå Vågå og omegn, og du er sjølvsagt invitert til festen! Du kan vente deg musikk både seint og tidleg, for barnefamiliar og for vaksne. Det blir buskspel, dansefest og kanskje ei og anna overrasking. Mykje liv og røre i bygda vil det garantert bli.
🗓️ Set av helga i kalenderen til sommarens festivalvorspiel i Vågå. Vi håpar du vil vere med oss å feire Melovitten sine fyrste fem år med modig folkemusikk!
BILLETTAR
Salg av enkeltkonsertar og festivalpass via Tikkio (ledige billettar selgast i døra kort/kontant/vipps): https://tikkio.com/events/59788.
Vaksne: 200,- til 390,- per konsert, festivalpass 1000,-.
Ungdom 13-17 år: 100,- per konsert, festivalpass 400,-.
Born under 12 år: gratis.
Ledsagere med gyldig ledsagerbevis: gratis.
På kveldsarrangementa fredag og laurdag må barn og ungdom under 18 år vera i følge med ein ansvarleg vaksen.
PS: Skal du delta på mange av arrangementa anbefalar vi festivalpass.

PROGRAM (med atterhald om endringar):
Fredag 12. juni:
Kl. 19:00 Pøbkveld "Rocke-gammaldans": Lendmenn, Skultbakkalaget, Skurken på dansegolvet (Bokhandeln)
Laurdag 13. juni:
Dagtid: Stands, buskspel, liv og røre (ute i moom)
11:00 Gratiskonsert med eit utval artistar (Handelsforeninga)
13:00 Tradisjonell song og spel frå Ottadalen: Mari Midtli & Astrid Sulheim + Atterljomen (Andre etasje)
15:00 Vakkert og uanstendig: Frikk Gjeilo m/ gjester framfører viser og upassande poesi (Bokhandeln)
19:00 Gammaldansball, bobler og beauty med Madam Jam, SKROT og Nye Ringnesin (Bakgården på Liehjørnet)
Sundag 14. juni:
11:00 Gratis familiekonsert "Sirkus Uventa" med Vegar Vårdal (Bokhandeln)
18:00 Klassiske perler i folkeleg bekledning med Bjørn Kåre & Mads Erik Odde + nordisk feelgood med duoen med Sandum/Tallroth (Munchlåven på Gammel-Kleppe Kulturarvhotell)

Arrangør: Melovitten AS - plateselskap for modig musikk.
Samarbeid med Eventlink AS.
Takk til vår hovudsponsor: Sparebank1 Lom & Skjåk #Fjellbanken
Støtta av: Innlandet fylkeskommune, Kulturdirektoratet, Interkommunalt politisk råd.
Sponsa av: KL Rørleggerbedrift AS, Coop Ottadalen SA, Vianvang/Arne Brimi.

❤️ PS: Vil du vere med på laget som samarbeidspartner, støttespelar eller liknande? Ta gjerne kontakt med oss: [email protected] / 47398764.

Headerfoto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes
Advertisement

Event Venue

Melovitten, Dombås, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Concerts in Dombås

Ask AI if this event suits you:

More Events in Dombås

Songarstemne i Lom 2026
Fri, 12 Jun at 05:00 pm Songarstemne i Lom 2026

UTGARD fleirbrukshus

Standup p\u00e5 Bokhandelen
Fri, 12 Jun at 09:00 pm Standup på Bokhandelen

Bokhandelen

BESSEGGL\u00d8PET 2026
Sat, 13 Jun at 08:00 am BESSEGGLØPET 2026

Gjendesheim

\u00c5rets store fotballhelg
Sat, 13 Jun at 09:00 am Årets store fotballhelg

Lesjaskog Stadion

Randsverk Marked
Sat, 13 Jun at 11:00 am Randsverk Marked

Fjellvegen 1970, Randsverk

Atterljomen \/ Mari Midtli & Astrid Sulheim
Sat, 13 Jun at 01:00 pm Atterljomen / Mari Midtli & Astrid Sulheim

Andre Etasje (Vågåvegen 51, Vågåmo)

Frikk Gjeilo m\/ gjester: Viser og upassande poesi
Sat, 13 Jun at 03:00 pm Frikk Gjeilo m/ gjester: Viser og upassande poesi

Bokhandel'n Gjestehus

Dombås is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Dombås Events