Advertisement
Scenografisk skriving som metode - gratis skrivekurs for ungdom og ferske skribenter!Scenografisk skriving – finst det? Kva gjer scenografen og kva gjer scenografi?
Scenografen brukar sansane til å fortelle med og skapar rom ved hjelp av materialar, lys, røyk, eller til og med lukt! I dette kurset fortel eg om jobben som forfattar og scenograf, og om korleis eg brukte scenografi då eg skreiv romanen Odel (2023).
Vi ser på scenografen sitt viktigste verktøy – scenografimodellen, og vi skriv korte tekstar med fokus på sansar, rom, landskap, hendingar og minner.
Ta med deg skriveverktøy - datamaskin eller papir & blyant.
Dordi Strøm er scenograf, kostymedesignar og forfattar. I 2021 bokdebuterte ho med romanen Flog og i 2023 vart ho tildelt Lyttaranes romanpris og Bokhandelens forfatterstipend for romanen Odel. www.dordi.no
*Masterclass-serien er støttet av Kulturrådet
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Skeivt Kunst- og Kultursenter / SKOKS, Christian Krohgs gate 60, 0186 Oslo, Norge,Oslo, Norway