Advertisement
Ma’n i gato kjem til Kulleseidkanalen – fredag 25. april!Etter eit rolegare år med studioarbeid og låtskriving er Ma’n i gato endeleg tilbake på scena. I oktober 2025 gav bandet ut sitt andre album, Gatelangs, fylt med nye låtar om morro, alvor og kjærleik – alt framført på ekte Bømlo‑dialekt.
No er bandet superklar for konsertar igjen, og dei gler seg stort til å ta turen til Kulleseidkanalen. Publikum kan venta seg ein kveld med god variasjon, der trøkk og energi møter stemningsfulle balladar – og ikkje minst knall god stemning.
Bandet består av:
Frode Sæverud (tangentar),
Olve Tufta Nyhammer (gitar og vokal),
Rune Fylkesnes (gitar),
John Kato Hollund (trommer)
og Steinar Bukkøy (bass).
Dette blir ein konsert for både nye lyttarar og gamle fans – velkomen til ein musikalsk kveld i Kulleseidkanalen!
Advertisement
Event Venue
Kanalvegen 24, 5437 Bømlo, Norway, Kanalvegen 24, 5437 Finnås, Norge, Ølen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










