Advertisement
På tide å sparka i gong igjen litt aktivitet i Osterøy Bonde- og Småbrukarlag! Me inviterer til ein hyggeleg og fullspekka kveld i Havråtunet for alle medlemmar og andre nysgjerrige som har interesse i at det skal skje kjekke og interessante ting for bønder og bygdefolk på Osterøy.
- Leiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag Mari Austvoll Gjengedal fortel litt om NBS sine prioriteringer og aktivitet i Hordaland.
- Folk frå nabolokallaget Midthordland Bonde- og Småbrukarlag kjem og fortel om kva dei har gjort for å gå frå 40 til nesten hundre medlemmar på få år, og dei deler nyttige tips og inspirasjon til aktivitetar.
- Fylkessekretær Åse-Marie Reisæter pratar litt om medlemsfordelar og korleis fylkeslaget kan støtta lokallaget.
- Me vil også få høyre litt om Havråtunet og drifta der.
Deretter brainstormar vi idear og snakkar om kva vi har lyst til å få til på Osterøy den kommende tida + går gjennom vanlege årsmøtesaker.
Det vert både kaffi og matservering!
Me håpar at mange av medlemmene møter, og oppmodar spesielt nye medlemmer om å vere med på møtet.
Ta gjerne med ein venn eller to!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Havrå, 5286 Haus, Norge, Bergen, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











