Advertisement
Korleis kan lærarar i barnehage og skole anerkjenne menneskerettsbrot og vere forkjemparar for rettane til barn og unge i Noreg og verda?På denne LUI-laben møte vi redaktørane Audrey Osler og Beate Goldschmidt-Gjerløw som presenterer boka si «Nordic Perspectives on Human Rights Education: Research and Practice».
Forfattarane inviterer til ei samtale om korleis lærarar i både barnehagen og skole kan anerkjenne menneskerettsbrot også her på norsk heimebane og vere menneskerettsforkjemparane til barn og unge.
Boka lagar ei skisse til eit rammeverk for å gi lærarar høve til å navigere etisk i spørsmål om kjønn, nasjonal identitet, rasisme og minoritetsrettar, og gir blant anna innspel til dei som utviklar opplæringsressursar.
Program
- Audrey Osler innleier: Kvifor er menneskerettsopplæring særleg aktuelt for lærarutdanningane i dag?
- Beate Goldschmidt-Gjerløw presenterer boka
- Presentasjon av kapittelbidrag ved Marta Stachurska-Kounta, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg: Nordens involvering i det koloniale prosjektet og betydninga for menneskerettsopplæring
- Samtale i plenum
Velkommen!
Sjå også nettsida til arrangementet: https://www.oslomet.no/om/arrangement/lui-lab-nordiske-perspektiv-menneskerettsopplering
Foto: Morten Thorjussen, Universitetet i Agder
Advertisement
Event Venue
Pilestredet 42, rom Q1015, Hammersborg torg 1, 0179 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











