Advertisement
Langfredag inviterer vi deg med på ei heilt spesiell reise - høgt over fjorden, på vakre Hoven, blir det visning av Loen sin eigen bygdefilm.Loenfilmen, som hadde premiere hausten 2025, er eit ekte stykke bygdehistorie samla på lerretet. Bak filmen står Loen Utviklingslag saman med lokale eldsjeler, og filmen er produsert av Filmdigitalisering ved Steinar Hilde. Resultatet har blitt ei varm, levande og gripande forteljing om bygda vår.
Gjennom 1,5 time får du bli med inn i Loen si mangfaldige historie – frå reiseliv og industri til skule, idrett og bygdeliv. Vi tek også turen innom dei dramatiske Lodalsulukkene, med sterke augeblikk som har sett djupe spor i bygda.
Filmen byr på både nostalgi, humor og dramatikk. Her er det rom for både latter og tårer. Historia blir fortalt gjennom bilete og filmopptak, med stemma til Olav R. Faleide som guide, og vakker song frå Lostrupane. Innhaldet er summen av bidrag frå bedrifter og bygdefolk.
Dette er filmen for deg som bur her, for deg som har røtene dine i Loen, eller er her på påskeferie, og for alle grannar i Nordfjord som vil bli betre kjende med bygda vår.
Ta med familie og vener, og opplev Loen si historie i spektakulære omgjevnader på Hoven i påska. Vi lovar ei stund som vil varme hjarte.
PRAKTISK INFORMASJON
Kinobilletten kostar 200,- + avgift. Billett kan du kjøpe her: https://www.loenskylift.no/kalender/loenfilmen
Dei som har kinobillett kan kjøpe t/r billett med Loen Skylift til rabattert pris 250,-. Dei som har årskort kan sjølvsagt nytte dette.
Matservering i Hoven Restaurant fram til kl 21, bar til kl 23 og siste bane ned kl 23:30.
Arrangementet eit samarbeid mellom Loen Utviklingslag og Loen Skylift.
Advertisement
Event Venue
Fjordvegen 1011, 6789 Loen i Nordfjord, Norway, Fjordvegen 1011, 6789 Stryn, Norge, Stryn, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








