Advertisement
Forfattar Joar Hoel Larsen i samtale med Eva Bratholm om hans rykande ferske bok om USAs urfolk og historia deira fram til i dag.Mange har hatt glede av å leike «cowboy og indianar» i barndomen. Vi tenkte lite på, og visste lite om, det alvoret som låg bak motsetninga mellom USAs urfolk og landets politiske myndigheiter. Mens millionar av europearar erobra prærien, vart slettelandets opphavelege innbyggjarar så godt som utrydda. Ikkje av cowboyane, men av kvite politikarar sine vedtak i hovudstaden Washington D.C. Dei folkevalde i Kongressen vedtok lovar som skulle sikre nasjonen stadig større områder. Samstundes fekk europeiske innvandrarar fortrinnsrett til jord som hadde vore urfolkets livsgrunnlag i tusenvis av år. Men vart det utført eit folkemord? Ordet var ikkje funne opp på den tida, men var uretten som vart utført så omfattande at vi i dag kan seie at det vart utført folkemord den gongen?
Joar Hoel Larsen har vore korrespondent for NRK i både Nord- og Sør-Amerika. I denne boka tek han oss med frå Columbus «oppdaga» kontinentet og ram til USAs 250-års jubileum i år – 2026. Han har vitja ei rekke historiske stader som er kjend for alt frå overgrep mot enkeltmenneske til store slag, frå relativt uskuldige trefningar til meir omfattande massakrar. Vi blir kjend med sentrale aktørar som Geronimo og Sitting Bull, og møter kvite heltar som Kit Carson og George Armstrong Custer.
Boksal og signering i etterkant av arrangementet.
Advertisement
Event Venue
Hagatunet 6, 4160 Finnøy Judaberg, Norway, Hagatunet 6, 4160 Finnøy, Norge, Tau, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





