Advertisement
I "Litteratur i Andeby" inviterer Alf Kjetil Walgermo oss til ei ny og leikande forståing av Donald Duck og klassisk litteratur. Gjennom eit «andalytisk» blikk får vi sjå korleis kjende litterære motiv og karakterar i Andeby speglar både litteraturhistoria og vårt eige forhold til bøker og lesing. Walgermo gir oss både kunnskap og latter når han viser korleis Donald si verd kan vere ein inngangsport til store klassikarar som Homer, Dante og Shakespeare. På dette arrangementet får publikum møte ein engasjert formidlar som viser korleis humor og kunnskap går hand i hand.Alf Kjetil Walgermo, fødd 1977, kjem frå Sjøholt på Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene "Mor og far i himmelen", "Mitt bankande hjarte" og "Kjære søster" kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut "Røff guide til Bibelen", i 2018 "Du som er i himmelen", i 2020 kom "Bibelens kvinner", i 2022 gav han ut "Barnebibelen" saman med illustratør Anna Fiske, og i 2025 kom "Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene". Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.
Arrangementet er i regi av Litteraturhus i Møre og Romsdal, og er gratis og ope for alle. Det blir høve til å kjøpe boka etter føredraget. Velkomen!
Advertisement
Event Venue
Øyna 1, 6200 Stranda, Norway, Øyna 1, 6200 Stranda, Norge, Stryn, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





