Advertisement
Vi har gleda av å kunne invitere til Laurdagskafé i Skulehuset. Og på programmet denne laurdagen, kan vi freiste med eit spennande foredrag om Byfolk på landet. Foredragshaldar og lokalhistorikar, Helge Jensen, bodde sjølv i mange somrar, med familien sin på lemmen i huset i Skogen, Søre Ådland. Vi er så glad for at han vil kome og fortelle gjennom ord og bilder om denne spesielle tida og ordninga med å huse byfolk på gardane. Vi reknar med at dette blir eit populært foredrag, så hiv deg rundt og bestill billettar. I tillegg skal Monica og Helge halde ein liten konsert. Det blir også gode mulegheiter for skravling med gode grannar/kjenningar i kaféen som er open til 18.00. Håper vi sjåast!
Advertisement
Event Venue
Ådlandsvegen 853, Ådlandsvegen 853, 5919 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











