Advertisement
Bli med på kurs og få ein innføring i korleis ein lager såper. Kurset er ein del av brakefestivalen på Osterøy Museum.Om kurset og kurshaldar:
Kurshaldar er Ida Kamilla Bjørge. Ida har 13 års erfaring og har prøvd ut mykje forskjellig innan såpelaging. Ho driv no Sundsbø Såpekokeri på Sundsbø/Lindås og produserer såper for Museumssenteret i Hordaland, Jentene på Kaien på Fedje og for privatsal.
Kurset byrjar med ein liten teoridel før vi lagar såpe saman. Vi lagar ein type såpe med planteoljar og einerlåg som blir tilsett eteriske oljar for duft, om ønskjeleg.
Dersom det blir tid, vil vi også gå litt gjennom korleis ein kan lage såpe til ulik bruk, til dømes hushaldssåpe, kaffisåpe og såper med mjølkebase.
Du får med deg eigne såper og eit grundig hefte med ekstra oppskrifter, tips og triks for å vidareutvikle ein mogleg ny hobby.
Til info:
Ta med eit badehandkle eller teppe (til å pakke inn såpeforma i), og ha på langerma genser.
Advertisement
Event Venue
Gjerstad, 5282 Lonevåg, Norway, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






