Men når mannen reiser vekk, er det som Katarina vaknar opp. Sakte begynner ho å ta føre seg av det livet har å by på. Men samstundes blir sterke, destruktive krefter slopne laus.
Opprørar?
Nikolaj Leskov var journalist og historieforteljar/forfattar, kjend for folkeeventyra og dei sterke karakterskildringane sine. I den mest kjente forteljinga han skreiv, Lady Macbeth frå 1865, hentar Leskov inspirasjon frå ein shakespearsk arketyp og plasserer henne i eit strengt, moraliserande samfunn. Vår regissør Melanie Mederlind, som også har laga manuset, har tatt utgangspunkt i Leskovs novelle, men ho har óg boltra seg i Shakespeares manus - og i tillegg late seg inspirere av filmen Lady M, av Alice Birch. Melanie har pløgd seg sin eigen veg gjennom alle desse inspirasjonskjeldene, og har skapt eit fascinerande og spennande univers, der menneskets mest dyriske krefter får fritt spelerom.
Event Venue
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets