Kvifor et vi som vi gjer i Noreg?

Thu, 26 Mar, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway | Lillehammer

Valdresmusea
Publisher/HostValdresmusea
Kvifor et vi som vi gjer i Noreg?
Advertisement
Kva åt folk før? Korleis vart maten tilberedt? Kor mange måltid hadde ein? Korleis har ferdigheiter, kunnskap og idear blitt vidareført og endra? Dette er berre nokre av spørsmåla sosiolog Annechen Bahr Bugge vil svare på i sitt føredrag.
Med utgangspunkt i boka si Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere – mat og spisevaner i Norge fra 1500-tallet til vår tid, vil ho fortelje om kvar vi har fått impulsane frå, kva periodar som har vore viktige for endringane i kosthaldet vårt, og korleis vi et i dag. Med døme frå seterkulturen vil ho illustrere korleis ferdigheiter, kunnskap og idear har blitt vidareført og endra, og korleis hendingar, nye vilkår og erfaringar har påverka matvanane våre gjennom tidene.
TID: Torsdag 26. mars 2026 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum
Kafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi og noko attåt.
Om Annechen Bahr Bugge
Annechen er sosiolog (dr.polit) og forskar I ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet – storbyuniversitetet. Ho har i ei årrekkje forska på problemstillingar knytte til mat og spisevanar. I 2005 tok ho doktorgrad i sosiologi ved NTNU med avhandlinga Middag – ein sosiologisk analyse av den norske middagspraksisen.
I 2019 gav ho ut boka Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere, som utforskar norske spisevanar frå 1500-talet og fram til i dag. Boka stiller spørsmål som: Kva og korleis har nordmenn ete gjennom tidene? Korleis har ferdigheiter, kunnskap og idear blitt vidareført og endra? Og kva kan vi lære av vår mathistorie?
Frå 2021 til 2024 leia ho forskingsprosjektet FoodLessons, som fokuserte på kulinarisk arv som ein ressurs i bygginga av matnasjonen Noreg 2030. Målet var å utforske og formidle vår kulinariske arv på ein måte som mobiliserer til nytenking og innsats for kunnskaps- og næringsutvikling. Prosjektet søkte òg å vise fram vår mangfaldige mat- og drikkekultur på innovative og spennande måtar, samt stimulere til betre samspel mellom tradisjonar og nye impulsar.
Frå 2025 til 2028 leiar ho forskingsprosjektet FoodStories, som har som mål å auke forståinga av Noregs mat- og drikkearv og potensialet for verdiskaping, berekraft og kulturell berikelse.
Annechen har hytte på Kruk.
Advertisement

Event Venue

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norge, Lillehammer, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Lillehammer

\u00c5pent m\u00f8te om utenforskap
Wed, 25 Mar at 07:00 pm Åpent møte om utenforskap

Arnemoen Gard

\u00c5RSM\u00d8TE LFH09
Wed, 25 Mar at 07:00 pm ÅRSMØTE LFH09

Scandic Victoria Lillehammer (Storgata 84 b, Lillehammer, Norway)

Prestegardskveld: Borghild Stokkeland Dahlen
Wed, 25 Mar at 07:00 pm Prestegardskveld: Borghild Stokkeland Dahlen

Vekkomsvegen 433, 2630 Ringebu, Norway

Vettug viten med Geir Haugsbakk
Thu, 26 Mar at 08:30 am Vettug viten med Geir Haugsbakk

Lillehammer bibliotek og litteraturhus

M\u00f8teplassen med temaet: - N\u00e5r livet endrar seg -
Thu, 26 Mar at 03:00 pm Møteplassen med temaet: - Når livet endrar seg -

Sara's mat

KAVEH RASHIDI: ILLUSJONEN OM DET FRISKE MENNESKET
Thu, 26 Mar at 06:00 pm KAVEH RASHIDI: ILLUSJONEN OM DET FRISKE MENNESKET

Skrautvålsvegen 15, 2900 Fagernes, Norway

Toppturer i og ved Jotunheimen Palmelanghelg 2026
Fri, 27 Mar at 06:00 pm Toppturer i og ved Jotunheimen Palmelanghelg 2026

Grindafjell Hytteområde

Standup klubbkveld p\u00e5 Fabrikken
Fri, 27 Mar Standup klubbkveld på Fabrikken

Fabrikken Pub og Scene

Lauvfall p\u00e5 Wiese
Fri, 27 Mar at 07:00 pm Lauvfall på Wiese

Storgata 31, 2609 Lillehammer, Norway

The Quelles Rocker P\u00e5sken Inn
Fri, 27 Mar at 08:00 pm The Quelles Rocker Påsken Inn

Fagernes Landhandel

~P\u00c5SKEMARKED P\u00c5 T\u00d8FTE FJELLG\u00c5RD~
Sat, 28 Mar at 11:00 am ~PÅSKEMARKED PÅ TØFTE FJELLGÅRD~

Nordre liavegen 480, Sør-Fron

Bruktmarkedskaf\u00e9
Sat, 28 Mar at 11:00 am Bruktmarkedskafé

Hamarvegen 57, 2613 Lillehammer, Norway

Lillehammer is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Lillehammer Events