Advertisement
Er Fredrik Steen klar for å snakke om tru?Ved Kveldsmessa 2.februar i Herøy kyrkje er Fredrik Steen samtalegjest. Han er kanskje mest kjendt for å spele figuren Hildegunn Moltubakk i duoen «Hilde Gunn og Leif Per».
Fredrik Steen er oppvaksen i Ulsteinvik, men bur på Austlandet.
Øystein Nerland er med i Kveldsmessenemnda og vil leie samtalen med Fredrik Steen. Samtalen vil handle om livet til Fredrik Steen og om tru og tvil.
Samtalegjesten får kvar gong velge den salmen som vi syng etter samtalen. Det er alltid spennande å få vite kvifor dei har valt akkurat denne.
Ein av våre beste unge songsolistar, Andrine Berge, bidrar med songar. Ho er kjendt for si spesielt gode tekstformidling med ei sterk og mjuk røyst.
Elles blir det salmesong, bøn, kort apell og nattverd som vanleg ved Kveldsmessene.
Etterpå er det rikeleg høve til samtale ved borda eller mingling ute på Kyrkjetorget og i Kyrkjelydssalen i den store arbeidskyrkja som Herøy kyrkje er.
Gå ikkje glipp av denne Kveldsmessa med Fredrik Steen.
Hjarteleg velkomen til alle!
Foto: John Andresen.
NB! Kveldsmessa vert streama på facebook "Herøy kyrkje".
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg, Norway, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg, Norge,Fosnavåg, Norway, Aalesund