Advertisement
VELKOMEN TIL KVEDARKURS MED EIN AV NORGE SINE FREMSTE FOLKESONGARARMe er så heldige at Berit Opheim frå Voss kjem til Knarvik for å halde kvedarkurs laurdag 11.oktober kl.10.00-15.00. Pris: 600 kr for vaksne, 400 kr for barn/unge (frå 12 år).
I løpet av kurset vil Berit lære vekk folketonar frå Voss, Vaksdal og Hardanger. Ho vil fortelje litt om kjeldene og tradisjonane derifrå, samt spele nokre opptak med tradisjonsbærarane.
Ikkje gå glipp av denne unike moglegheiten!
Påmelding innan 1.oktober til: 926 63 920.
Om Berit Opheim:
Berit Opheim (f.1967) kjem frå Voss. Ho har studert ved Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole, og er 1.amanuensis.
Folkesongen er hovudsjangeren i hennar virke, og ho arbeider mykje for å formidla den lokale folkesongtradisjonen både ved å henta fram og syngje eldre arkivmateriale, undervise og halde konsertar. Ho arbeider med eit større verk med eit fullstendig oversyn av samla folketonar frå Vossabygdene i ei bok/cd-utgåve: "Vossasongar". Ho gav også ut bok i 1995, «Solæ mi sela», med eit utval av folketonar frå Voss.
Berit er aktiv innan folkemusikk/ samtidsmusikk/ tidleg barokkmusikk/ middelaldermusikk/improvisasjon. Ho har stor aktivitet som soloutøvar og har urframført mange nyskrivne verk i ulike stilretningar m.a av Lasse Thoresen og Henrik Ødegaard, Karl Seglem og fleire. Ho er tidlegare medlem av Trio Mediæval og har samarbeida med m.a. Rolf Lislevand, Sigbjørn Apeland, Nils Økland, Det Norske Solistkor og Grete Pedersen, Oslo Kammerkor, Kringkastingsorkesteret, Det norske kammerorkester, Tore Brunborg, Gabriel Fliflet, Sondre Bratland, Håkon Høgemo, Arve Henriksen. Berit Opheim spelte også rolla som Nattens Dronning og Papagena i folkeversjonen av Tryllefløyta i 2005/2006. Ho har vunne Landskappleiken fleire gonger, og har vore medskapar/komponist på fleire verk. Berit har deltatt på rundt 50 innspelingar, fleire av dei soloinnspelingar. Ho har blitt tildelt fleire prisar og nominasjonar, mellom anna vart ho nominert til Nordisk Råds Musikkpris 2023, tildelt Statens Kunstnerstipend for 10 år frå 2023, tildelt Hilmarprisen 2023 og tildelt Folkemusikkprisen frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans for 2024.
Arrangementet er støtta av Alver kommune og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Alver Vaksenopplæring, Kvernhusmyrane 8, 5914 Isdalstø, Norge, Bergen, Norway