Advertisement
Litt praktisk info om kurset:Kursavgift
Kurset kostar kr. 3.900,-. inkluderer kaffi og verktøy.
Du bør ta med deg vernebukse til motorsag, høyrselsvern, og gjerne meterstokk, blyant og evt. store stemjern om du har. Hugs gode sko og klær då arbeidet går føre seg ute. Det vil bli gitt opplæring i bruk av motorsag. Du treng ikkje forkunnskap.
Dato
Fredag 01.05
kl 09:00 – ca 17:00
Laurdag 02.05
kl 09.00 – ca 16.00
Sundag 03.05
kl 09.00 – 16.00
Stad
Dette kurset vil bli gjennomført på VKA (Tvildemoen) på Voss Kurset er i regi av Vestnorsk kulturakademi.
Påmelding
Ved påmelding: namn, full adresse, epostadresse, fødselsår og telefonnummer.
Påmelding skal sendast til:
[email protected]
Innhald
Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a. løer, naust og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har truleg historiske røter fleire tusen år attende i tida. På kursa vil du lære dei prosessane som skal til for å byggje eit grindbygg.
Grindbygging krev lite grunnarbeid og gir ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit miljøvenleg, raskt og fleksibelt byggesystem. Eit grindbygg kan reisast på ein dag og du får eit bygg, som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ønskeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføra ein av dei eldste byggemetodane vi kjenner i Noreg. Lær deg den tradisjonelle byggemetoden sammen med instruktør og andre interesserte.
Kurslengde
Ca 22 timer fordelt på ei langhelg, frå fredag til søndag.
Kursleiar
Instruktør på dette kurset er Lars Ingvald Folkedal.
Kurset er støtta av Studieforbundet Kultur og tradisjon.
Advertisement
Event Venue
Magasinvegen 26, Tvildemoen, Vossavangen, Magasinvegen 26, 5705 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





