Advertisement
Den anerkjende dirigenten Per Oddvar Hildre, også kjend som PROTS, besøker Kor i Øygarden. Ei spanande seminarhelg vert avslutta med konsert i kulturhuset på Rong, og me håpar du har lyst til å komma! Ein konsert leia av Per Oddvar er aldri kjedeleg, me lovar god stemning og svingande tonar!
Tormod Magnesen vert med oss og spelar piano.
Billettar kr. 100,- kan du kjøpe i døra. Ver ute i god tid!
Per Oddvar Hildre er dirigent og korpedagog. Dette er frå hans CV:
Korpedagog:
Freelance sidan 1980:
Leiar av seminar og workshops for koristar, dirigentar og lærarar i alle dei Nordiske landa, Tyskland, USA, Kina, Afrika og Søramerika.
gjesteforelesar ved div. høgskular i Norden. (eks.: Norges Musikkhøyskole, Sibeliusinstituttet Helsinki)
Gjesteforelesar og aktivator på leiarkurs og "kick offs" for næringsliv og offentlege etatar. (eks.: Nordland Fylkeskommune, Oppvekstetaten i Bergen, NTHU adm, Undervisningsforbundet, Den Norske Legeforening, Kirkens arbeidsgiverorganisasjon, Telenor, Statoil, Kirkens Nødhjelp, m.fl.)
Æresprofessor ved Azerbaijan National Conservatory, Baku.
Dirigent:
Dirigent og grunnleggjar av koret SKRUK.
Dirigent og grunnleggjar av Det Norske Kammerkor.
Var med å starte, og var dirigent for World Youth Choir saman med Eric Ericson og Stefan Sköld.
Konsert-turnèar i Europa, USA, Søramerika og i Azerbaijan.
I tillegg har han gitt ut ei rekkje CD´ar, vore produsent, redaktør og programleiar, samt leia ei rekkje store kulturprosjekt i inn- og utland.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Øygarden Kulturhus, Rongøyvegen 270, 5337 Rong, Norge,Rong, Hordaland, Norway, Bergen