Advertisement
Velkomen til ein gratis inspirasjonskveld om friluftsliv, meistring og trua natur. Gjennom ein innhaldsrik kveld med foredrag, videoer og appellar hyller me Stølsheimen og den vakre og verdifulle naturen der.I Modalsfjella i Vestre Stølsheimen er det foreslått å bygge ut nær 100 vindkraftturbinar midt mellom eit landskapsvernområde og ein komande nasjonalpark. Området utgjer eit av Vestlandets største friluftslivsområde, med eit omfattande stinettverk, og fleire DNT-hytter. Kraftverket vil forringe eit verdifullt høgfjellsareal, med eit sårbart fugleliv og ein unik flora som finst svært få andre stader. Modalen kommune skal ta stilling til planinitativet frå Norsk Vind denne våren, og turlaga vil i forkant av dette invitere til ein kveld for kunnskapspåfyll og inspirasjon.
Program:
18:00 - Velkomst og foredrag Ein hyllest til Stølsheimen v/André Marton Pedersen, fotograf og informasjonsleder i Bergen og Hordaland Turlag
18:30 - Vern om Stølsheimen: Innlegg og appellar ved Norges Naturvernforbund, Den Norske Turistforening, Ung for Fjella, Bergen Venstre, Vestland SV og Rødt.
19:30 - Foredrag: Målsettingens magi – viljestyrke og utholdenhet i møte med det ukjente ved eventyrar Hedvig Hjertaker. Hedvig, som januar 2023 vart verdas yngste kvinne til å gå aleine til Sydpolen, tek oss med på si utrulege reise frå sjukdom til meistring. Hedvig deler sine erfaringar om korleis ho har nytta naturen til å møte motgang og bygge viljestyrke i møte med det som er utfordrande.
20:20 - Avslutning og felles opprop for Stølsheimen
-----
Forprogram:
Allereide klokka 17 startar forprogrammet. Då kan du møte fleire av natur- og friluftslivsorganisasjonane som jobbar mot vindkraft i Stølsheimen og Modalsfjella: Folk For Fjella, Ung For Fjella, Miljøvernforbundet og Motvind Vest.
Det blir bålsamtale, kaffi, betasuppe og naturrebus for store og små.
17:45 - Appell ved Ung for Fjella og Folk for Fjella.
Hjarteleg velkomen til ein viktig og minnerik inspirasjonskveld.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Knarvik Barneskule, Bergen, Norway
Tickets