Konsert med Ottar Kåsa og Laura Ellestad - Hardingfela i Nord-Amerika!

Sat, 25 Apr, 2026 at 06:00 pm UTC+02:00

Fjordheim | Tvedestrand

Marius Moen Monrad
Publisher/HostMarius Moen Monrad
Konsert med Ottar K\u00e5sa og Laura Ellestad - Hardingfela i Nord-Amerika!
Advertisement
Folkemusikklaget Bordun og Ungdomslaget Idun har gleda av å invitere til konsert, laurdag 25. april 2026 kl. 18.00. Etter konserten blir det dans til levande bygdedans- og gamaldansmusikk.
Om konserten:
Konserten vart til i samband med Telemarkfestivalen 2025, og her fekk publikum oppleve eit spennande møte mellom Ottar Kåsa og Laura Ellestad. I denne konserten vert det ikkje berre eit møte mellom to framifrå hardingfeleutøvarar og formidlarar – det vil òg vere eit møte mellom den norske og den amerikanske hardingfeletradisjonen. I 2025 har det vore eit nasjonalt emigrasjonsjubileum som markerte at det er 200 år sidan første båt med norske emigrantar sette kurs mot Amerika.
Emigrantane tok med seg si norske kulturarv på reisa – og hardingfela vart sjølvsagt med. I denne konserten vil Kåsa og Ellestad utforske den rike tradisjonen av slåttemusikk både i Noreg og Amerika med eit spesielt fokus på det norske spelet som blei brakt til Amerika av utvandrarar og korlei spelet har utvikla seg vidare «over dammen».
Ottar Kåsa er ein norsk hardingfelespelar og prisbelønt felemakar frå Arabygdi i Vinje kommune. Han er utdanna felemakar frå Ole Bull-akademiet på Voss. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet på Rauland.
Laura Ellestad kjem opphavleg frå Canada, men har røter frå Ellestad i Valdres. Laura Ellestad er hardingfelespelar og forskar, og ho underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule.
Advertisement

Event Venue

Fjordheim, Søndeled, Tvedestrand, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Tvedestrand

FORZYNT Spiller opp til dans og morro p\u00e5 Dags pub og spiseri Tvedestrand
Sat, 25 Apr at 11:00 pm FORZYNT Spiller opp til dans og morro på Dags pub og spiseri Tvedestrand

Dags Pub & Spiseri, Tvedestrand

16. mai med Kjetil \u00c5svald \u00c5sen
Sat, 16 May at 10:00 pm 16. mai med Kjetil Åsvald Åsen

Sølvgarden Hotell og feriesenter

Tvedestrand is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Tvedestrand Events