Advertisement
Ørskog kyrkje inviterer til ei variert og spennande konsertoppleving. På programmet står eit verk for orgel og dans – ein uvanleg kombinasjon som gjev publikum høve til å oppleve kyrkjerommet på ein ny måte. Organisten Marc Labruijere samarbeider i denne konserten med dansaren Tonje Aas Molnes. Tonje er frå Ålesund og er profesjonell dansar. Ho har medverka i ei rekkje produksjonar rundt om i landet. Saman skal dei framføre 3. orgelsymfoni av Andreas Willscher, ein tysk komponist som skreiv verket i 2003. Verket har undertittelen «Bibelske dansar» og består av fem satsar, der kvar av dei skildrar ei dansescene frå ein bibeltekst.
I tillegg vil Ørskog Brass medverke, både med ei eiga avdeling og i samspel med orgel.
Ørskog Brass er kjent for sitt høge nivå og vil framføre eit flott program under leiing av sin nye dirigent, René Wiik. Dei avsluttar konserten saman med organist Marc med finalen frå orgelsymfonien av Saint-Saëns.
Søndag 19. april, kl 18:00 i Ørskog kyrkje
Billettar ved døra: kr 200. Under 18 år gratis.
Velkomen til ein spennande og variert konsert!
Konserten er støtta av Stiftelsen Kjell Holm og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Advertisement
Event Venue
Ørskog kyrkje, Molde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











