Advertisement
Den 25. april får vi besøk av Bjarte Leithaug som er artist og låtskrivar, og kjend for evna si til å inspirere til song og musikkglede, ikkje minst blant born og unge.Korklubben, Tweensing, Småtroll frå Sande og Hareid barnekantori har i vår øvd på songane og kjem til å delta i eit korverkstad med Bjarte tidlegare på dagen, som resulterer i ein konsert i Ulstein kyrkje. Vi kan love både latter, glede, humor og kule beats, i tillegg til nydeleg song. Denne konserten høver svært godt for familiar, men også for vaksne som vil få med seg ein god konsert.
Kor:
- Korklubben Ulsteinvik
- Tweensing, Ulstein KFUK/KFUM
- Småtroll – Sande barnekantori
- Hareid barnekantori
Dirigentar:
- Kristin Årøen Ekeberg, Småtroll
- Anita Winsjansen Lillebø og Ida Teige, Hareid barnekantori
- Kamilla Grimstad Hagen og Line Lervik Aksnes, Korklubben og Tweensing
Band:
- Andreas Lunde, keyboard
- Karsten Robert Kirkebø, trummor
- Kristian Steinsvik, bass
- Åsmund Lunde, gitarr
Bilettar: 100:- for vaksne. Gratis inngang for born.
Velkommen!
(Billettar vert lagt ut snart på www.sjoborg.no)
Advertisement
Event Venue
Ulstein Kyrkje, Kyrkjegata 11 (besøksadresse kyrkjekontoret: Sjøgata 59),Ulsteinvik, Norway, Aalesund
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.









