Klubb Komle // Folksomt plateslepp, Benedicte Maurseth, Egil Kalman

Sat, 09 May, 2026 at 08:30 pm to Sun, 10 May, 2026 at 01:00 am UTC+02:00

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway | Bergen

Det Vestnorske Teateret
Publisher/HostDet Vestnorske Teateret
Klubb Komle \/\/ Folksomt plateslepp, Benedicte Maurseth, Egil Kalman
Advertisement
Klubb Komle, aka Raspeball Rave, er allereie tilbake på Det Vestnorske Teateret 9. mai!
Vi serverer dansbar husmannskost i klubbformat. Denne gongen i ein spesialvariant. Vi feirar plateslepp med Folksomt, får besøk av svensken Egil Kalman, og – om ikkje det var nok bacon på raspeballen – så får vi også oppleve noko så eksklusivt som å danse til Benedicte Maurseth sitt slåttespel.
Håpar du er klar for rulling og snurring, digging og dansing, for her skal ingen sulte!

Program:

20.30 Dørene opnar
21:00 Folkedansinstruksjon med Lars og Are
22:00 Benedicte Maurseth
22:30 Folksomt
23:30 Egil Kalman

Med:
Lars Fivelstad Smaaberg - danseinstruktør
Are August Flannagan Furubotn - trekkspill
Benedicte Maurseth - hardingfele
Jonas Særsten - synth og trommemaskin
Lovise Espeland - vokal
Johanna Seim - hardingfele og husvert
Gaute Ullestad Moen - perkusjon og munnharpe
Jonathan Krabbe - gitar
Egil Kalman - modulær synth
Jon Eirik Sira - VJ

Billettar i sal no!
Arrangementet er støtta av Kulturrådet, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.

*******************************************************************
Meir om artistane:
Folksomt – Tekno kolliderer med norsk folkemusikk
Folksomt smeltar saman det eldgamle og det elektriske og lagar klubbfolkemusikk.
Norsk folkemusikk ber med seg ei rik historie av klangar og forteljingar som har blitt formidla gjennom generasjonar. Techno og electronica representerer eit globalt språk for moderne uttrykk, med fokus på rytme, tekstur og energi. Folksomt er ein kombinasjon.
Hardingfele og munnharpe svevar over djupe basslinjer, folkesongen blir kledd i ny drakt av beats og klangar som løftar og dreg. Rytmane frå springar, halling og reinlender bankar framleis under huda, og resultatet er både svært dansbart og draumande. Publikum blir invitert inn – anten du er ein erfaren folkedansar, ei fridansande sjel eller ein nikkande klubbromantikar.
Folksomt hadde debutkonserten sin på Klubb Komle i fjor, og slepper no si sjølvtitulerte debutplate på Ta:lik Records 8. mai. Sjølvsagt må det feirast her på Klubb Komle.

Benedicte Maurseth
Benedicte Maurseth, hardingfelespelar, komponist og forfattar, er ein prislønt, etablert og anerkjend utøvar. Ho har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre gjennom fleire tiår, og har tradisjonsmusikken frå Hardanger som sitt spesialfelt.
Ho har turnert i omfattande grad som solist i Norge og internasjonalt, og hennar samarbeid har vore med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar og uttrykk innan teater, samtid, og improvisert musikk.
På Klubb Komle får vi den nokså sjeldne gleden av å oppleve Benedicte spille til dans.

Egil Kalman

Egil Kalman spelar norsk og svensk folkemusikk på modulærsynth.

Musikken hans dreg parallellar mellom folkemusikk og samtids elektroakustisk musikk gjennom minimalistiske komposisjonsteknikkar og sjelfulle improvisasjonar. Med reinstemte intervall, hypnotiske former og syntetiske lydar som imiterer det akustiske – og omvendt – utforskar han element frå folkemusikken og set dei i eit nytt lys. Musikken blir framført live på modulærsynth utan bruk av føreinnspelt materiale.

Albumdebuten hans som folkemusikksynthesist, Nordafjells, der fokuset ligg på slåttar frå den sterke Setesdal-tradisjonen, kom ut på Supertraditional i november i fjor. Tidlegare har han gitt ut to album på iDEAL Recordings.

Video frå innspelinga av første sporet på plata kan du sjå her:
Advertisement

Event Venue

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

STAND UP BERGEN P\u00c5 MM CAF\u00c9 & BAR
Sat, 09 May at 08:00 pm STAND UP BERGEN PÅ MM CAFÉ & BAR

MM CAFÉ & BAR

ZERO BATS & Faceshopping + supp: Darkdome & Grottegoth || Hulen
Sat, 09 May at 08:00 pm ZERO BATS & Faceshopping + supp: Darkdome & Grottegoth || Hulen

Olaf Ryes vei 48, 5006 Bergen, Norway

QuiZ-kveld med Marit og \u00d8yvind\n
Sat, 09 May at 08:00 pm QuiZ-kveld med Marit og Øyvind

Myking Grendahus

V\u00c5RFEST med "Fuzzy Pineapples"
Sat, 09 May at 08:00 pm VÅRFEST med "Fuzzy Pineapples"

Osterøyvegen 3384, Tysse

et \u00e5rs \u00e5pningsfest!
Sat, 09 May at 08:00 pm et års åpningsfest!

kvernhusmyrane 3, 5914 Knarvik, Norway

Sigrid Lygren - Releasekonsert \/\/ Bergen Kj\u00f8tt
Sat, 09 May at 08:00 pm Sigrid Lygren - Releasekonsert // Bergen Kjøtt

Skutevikstorget 1, 5032 Bergen, Norway

The Soul Alive! Soul klubb + DJ Stig Paa
Sat, 09 May at 10:00 pm The Soul Alive! Soul klubb + DJ Stig Paa

Landmark Bergen

FOUNDATION pres. SESSIONS 2nd Edition
Sat, 09 May at 11:00 pm FOUNDATION pres. SESSIONS 2nd Edition

Østre

Nordhordland rundt 2026
Sun, 10 May at 09:00 am Nordhordland rundt 2026

Nedre Alver 2, 5911 Alversund, Norge

English Book Fair
Sun, 10 May at 11:00 am English Book Fair

Lille Øvregaten 6, Bergen, Norway

Wings for Life World Run 2026 Bergen
Sun, 10 May at 01:00 pm Wings for Life World Run 2026 Bergen

Bergen, Norway

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events