Advertisement
"Frå gamaldans til kunstmusikk" er tittelen på denne konserten som er ein del av MiniFolkeMusikkFestivalen i Fosnavåg i april! Eit vårleg samarbeid mellom Spelemannslaget Havella og Fosnavåg konserthus.Duoen Kvernberg/Bjørdal har skapt eit unikt konsept der dei kombinerer noko så tilsynelatande ulikt som gamaldans og kunstmusikk. Dei har begge bakgrunn frå både folkemusikksjangeren og kunstmusikksjangeren, og dei har begge stor breidde som musikarar. Det å hente element og uttrykksmåtar frå den eine og ta med inn i den andre sjangeren har stor verdi for musikarane.
Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal er begge karismatiske og virtuose musikarar. Jorun Marie Kvernberg har i tjuefem år arbeidd fulltid som folkemusikar med særleg kunnskap om lokale tradisjonar i Møre og Romsdal, på fele, hardingfele og som songar. Vidare har ho dei siste ti åra posisjonert seg som ein komponist med ei ny, frisk stemme inn mot både kunstmusikkmiljø og folkemusikkmiljø og har fått fleire prisar og tingingsverk. Kristina Farstad Bjørdal har studert klassisk akkordeon mellom anna med anerkjende Geir Draugsvoll i København. Ho har eit imponerande spenn mellom framføringar av samtidsmusikkverk på den eine sida, og som trekkspelar i ulike gamaldans- og folkemusikk-konstellasjonar på den andre sida.
Gle deg til denne ettermiddagskonserten. Billettsalget har starta, og vi anbefalar konserten for alle. For festivaldeltakarar denne helga kjem det eigen festivalpass-billett for fleire konsertar.
Advertisement
Event Venue
Fosnavåg konserthus, Fosnavaag Ocean Academy, 6090 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










