Advertisement
Det er adventshelg i Ulvik og Haugesenteret har ope for ein lokal jolehandel i museumsbutikken. Her kan du finna varige gåver for store og for små. Butikken har eit rikt utval av nynorsk barnebøker, praktbøker og klassikarar frå Skald forlag, Hauge-titlar og samtidslyrikk. Ei god bok kan vera ei gåve for livet, og kan jo lesast om att og om att. Denne adventslaurdagen vert det også boklansering i museumsbutikken kl 12.00! Hege Nielsen Børve, født i Tromsø og busett i Ulvik, er aktuell med si andre diktsamling “Fra innsida”. Samlinga tek for seg kvardagslege observasjonar som går tett på dei store kjenslene i livet. Dikta kretsar rundt sentrale tema som kjærleik i endring, tap, håp og identitet. Hege vil lesa eit utval dikt frå samlinga si og signera bøker for dei som vil ha ei diktbok til seg sjølv eller i gåve til andre.
Velkomen!
Advertisement
Event Venue
Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norway, Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.