Advertisement
Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi og Moa bibliotek inviterer til litterær samtale med Jan Inge Sørbø om Arnold Eidslott (1926 - 2018).10. juni 2026 er det 100 år sidan lyrikaren Arnold Eidslott blei født i Ålesund. Sidan debuten i 1953 gav han ut 27 diktsamlingar der skarp kulturkritikk står side om side med inderleg religiøs tru og undring. Eidslott si særmerkte dikting er høgt vurdert i vår nasjonale poesiskatt.
Krigen var eitt av Eidslott sine store tema. I skildringane hans ligg perspektivet alltid hos soldatar i skyttargravene, på kyrkjegardane, hos krigsenkene og barna - som enno ikkje veit at dei er enker og farlause. I vår tid ser vi at dikta hans er dagsaktuelle som aldri før.
I høve 100-årsjubileet har Jan Inge Sørbø samla eit utval av dikta hans i boka med tittelen ravnene fløy lavt den dag (Gyldendal, 2026).
Sørbø, tidlegare professor v/Høgskulen i Volda, har studert og skrive om forfattarskapen til Eidslott over mange år. Denne kvelden vil han dele innsikter med oss, lese dikt og slik også heidre lyrikaren frå Ålesund.
Samtalen blir leia av Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi v/ Marit O Kaldhol.
Musikalsk innslag v/Ove Kvangsarsnes, fiolin.
Velkomen!
Advertisement
Event Venue
Moa Bibliotek, Ålesund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






