Advertisement
Torsdag 27. november kjem arkeolog og forfatter Jan Ingar Thon for å halde foredrag om jakten på Snartemosverdet.Snartemosverdet vart funne i ei germansk høvdinggrav i 1933. Det var dekorert med norrøne gudar og monstrar, og saman med sverdet låg eit vove band dekorert med hakekors. Dette vart lagt merke til utanfor Noregs grenser – ikkje minst i Tyskland.
Kort tid etter den tyske invasjonen i 1940 dukka ein av dei fremste naziarkeologane, SS-offiseren Herbert Jankuhn, opp i Oldsaksamlinga. Han informerte om at norsk arkeologi no stod under SS’ «vern». Det vart snart klart kva dette «vernet» innebar. For då fekk Oldsaksamlinga eit brev. Det kom frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet i okkupasjonsregjeringa. Departementet bad Oldsaksamlinga om å utlevere ein gjenstand «for eit bestemt føremål». Nemleg SS-førar Heinrich Himmlers nært føreståande Noregsbesøk. Klenodiet vart imidlertid flytta til eit kvelv under det ordinære bankkvelvet til sparebanken på Fagernes...
TID: Torsdag 27. november 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (under 26 kr 50)
ARR: Valdresmusea
Det er moglegheit for å kjøpe den nye boka.
Kafeen er open i forkant av foredraget.
For meir info: https://valdresmusea.no/jakten-pa-snartemosverdet
Advertisement
Event Venue
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norge, Lillehammer, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.