Intimkonsert på bryggekanten med Rita Eriksen

Sat Jun 27 2026 at 07:00 pm to 09:00 pm UTC+02:00

Mandelhuset | Bergen

Mandelhuset
Publisher/HostMandelhuset
Intimkonsert p\u00e5 bryggekanten med Rita Eriksen
Advertisement
Rita Eriksen Trio – utekonsert på bryggekanten
Laurdag 27. juni
Laurdag 27. juni får me storfint besøk på Mandelhuset når Rita Eriksen Trio kjem til bryggekanten for utekonsert. Dette blir ein stemningsfull sommarkveld med nær musikk, sterke låtar og ei av dei mest markante stemmene i norsk musikkliv.
Rita Eriksen har hatt ei lang og innhaldsrik karriere, med ei rekkje høgdepunkt bak seg. Ho slo for alvor gjennom tidleg på 90 talet og har sidan vore kjend som ein allsidig og truverdig artist, både som soloartist og i samarbeid med andre. Ho har motteke Spellemannpris, vore ein sentral del av Eriksen prosjektet, gitt ut fleire kritikarroste soloalbum og vart i 2012 den aller første vinnaren av Stjernekamp.
Musikken hennar spenner vidt, frå folk og country til vise og pop, alltid framført med varme, presisjon og eit sterkt personleg uttrykk. På scena denne kvelden har ho med seg sin bror Frank Eriksen på gitar og song, samt Stian Tønnesen på gitar og song. Samla gir trioen eit tett og fint samspel som passar perfekt i ramma av ein sommarkveld ved sjøen.
Konserten går ute på bryggekanten og byr på ei roleg og sterk oppleving, der publikum kjem tett på både artist og musikk. Bord for middag før konserten kan bestillast online for dei som vil starta kvelden tidleg og gjera ein heilskapleg kveld ut av det.
Dato: 27. juni
Tid: kl 19.00
CC: 450,-
Billettar: Ticketco.no
Advertisement

Event Venue

Mandelhuset, Hegglandsvegen 4,Tysnes, Norway, Bergen

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Tall Ships Races 2026: Aarhus\u2013Harlingen
Sat, 27 Jun at 07:00 am Tall Ships Races 2026: Aarhus–Harlingen

Skur 7, Bradbenken 2, 5003 Bergen, Norway

BLUESKVELD I VOGNHALLEN
Sat, 27 Jun at 08:00 pm BLUESKVELD I VOGNHALLEN

Vognhallen

\u00c5pen hage med marked og kaf\u00e9 i Kleppest\u00f8
Sun, 28 Jun at 12:00 pm Åpen hage med marked og kafé i Kleppestø

Øvre Kleppe-vegen 3B, 5300 Kleppestø

Opera ved fjorden \u2013 Sommaropera
Sun, 28 Jun at 06:00 pm Opera ved fjorden – Sommaropera

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway

FMV Book Club: Butter Honey Pig Bread by Francesca Ekwuyasi
Mon, 29 Jun at 06:00 pm FMV Book Club: Butter Honey Pig Bread by Francesca Ekwuyasi

Bergen Assembly

Utvandringsfestivalen 2026
Fri, 03 Jul at 06:00 pm Utvandringsfestivalen 2026

Hellandsvegen 541, 5939 Sletta, Norway

Bryggedans med Splint!
Sat, 04 Jul at 09:00 pm Bryggedans med Splint!

Mandelhuset

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events