Advertisement
Kom med idéar for å forme bygda vår vidare!Alle – unge som eldre – er velkomne til ein kveld med idèmyldring, gode samtalar og fellesskap.
Servering: Kaffi og noko godt å bite i!
Fleire frivillige, organisasjonar og bedrifter i bygda har aktivitetar og prosjekt som pågår eller har pågått. Sitt du med idéar til andre aktivitetar eller prosjekt som kunne vore med å få bygda til å blomstre endå meir? Eller er du interessert i å kunne engasjere deg i noko av det som allereie pågår? Vi legg på dette møtet opp til å idémyldring individuelt, i grupper og i plenum.
Tema vi ynskjer å løfte fram:
•Idear om alt frå bustadtilgjengelegheit til aktivitetar
•Areal og reguleringsplan – no og 10 år inn i framtida.
Kvifor skal du komme på møtet?
• Få ei oversikt over kva organisasjonar og tilbod som finst i bygda i dag
• Ver med å påverke og forme framtida til Bryggja
• Del dine draumar og idear
• Møt naboar og sambygdingar – kanskje treff du andre med like idéar, som har utfyllande kompetanse og vi kan skape nye samarbeid for å nå eit mål?
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Bryggja Grendahus SA, Nordfjordvegen 7786,Bryggja, Sogn Og Fjordane, Norway, Sunndal
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






