Advertisement
Floke Ulvik fyller 5 år – og det ynskjer eg å markere med noko meir enn kake og ballongar.Torsdag 9. april inviterer eg til fagkveld om hår og hovudbotn, saman med hårolog Helene Leonardsen – i Fjordsalongen på Brakanes Hotel.
Dei siste åra har eg sett ei aukande utfordring blant kundar:
kløe, tørr hovudbotn, feitt hår, hårtap, sensitivitet – og mykje forvirring rundt kva ein eigentleg bør bruke.
I ei tid med enormt produktutval treng me meir kunnskap – ikkje berre fleire flasker.
Denne kvelden vil vi:
✨ Ta utgangspunkt i spørsmåla de sender inn
✨ Avlive myter
✨ Sjå på dei vanlegaste utfordringane me ser lokalt
✨ Dele konkrete og skreddarsydde råd
🎁 Har du eit spørsmål om hår eller hovudbotn? Send det gjerne på melding eller e-post – og bli med i trekninga av ein personleg tilpassa goodiebag.
Spørsmåla vil i stor grad forme innhaldet denne kvelden.
📍 Stad: Fjordsalongen, Brakanes Hotel
🕔 Fagleg del: ca. 17:00–19:00
🥂 Fjordsalongen held ope til kl. 21:00 for dei som ynskjer å bli att for det sosiale
Siderbaren vert open i Fjordsalongen denne kvelden, med bobler, sider og anna godt i glaset. Her kan ein senke skuldrene, ta seg noko å drikke og nyte den gode stemninga under arrangementet. For dei som kjenner seg litt småsvoltne, vil det også vere mogleg å kjøpe litt småmat og enkle, smakfulle bitar som passar fint til det som er i glaset.
NB: Begrensa plassar- send påmelding til [email protected]
Velkomen! 💛
Advertisement
Event Venue
Brakanes Hotel, Promenaden 3, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






