Advertisement
Haust på museet!I haustferien inviterer museet barn og unge til å skape sine eigne trykksaker i verkstaden «Sild & potet». Her får ein prøve stempeltrykk på papir og utforme sine eigne hermetikketikettar, samt lage sine eigne potettrykk som ein trykkar med på tekstil i bomull. Stord husflidslag stiller med symaskinar og kyndig rettleiing til vidare saumarbeid på dei trykte tekstilane.
I Hatlandsløa kan små og store få byggje rom- og huskonstruksjonar med laftesett!
I museet kan du òg sjå og oppleve fem ulike utstillingar.
Verkstadaktivitetar:
Tysdag 7. oktober kl. 11:00 – 14:30
Onsdag 8. oktober kl. 11:00 – 14:30
Torsdag 9. oktober kl. 11:00 – 14:30
Pris: 100,- for barn og ungdom. Vaksne går gratis i lag med barn og unge desse dagane.
Elles ordinær billett for dei som berre vil besøke utstillingane.
Det vil bli ope i museumskaféen med sal av vaflar, kaffi/ te og saft.
Fredag 10. oktober held me ordinær opningstid frå kl. 11:00 – 15:00 med ope i museumskaféen og i utstillingane.
Escaperommet i haustferien: ta kontakt for speletider på [email protected]
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Museumsbakken 16, 5417 Stord Island, Norway, Ølen, Norway