Advertisement
Ta med barna på eit teaterstykke der fantasien får fritt spelerom!«Hundrevis av barn i vill kamp» er ein fargesprakande berg-og-dal-bane gjennom barns leik og draumar. Ei engasjerande og morosam teateroppleving, der barna sin fantasi får styra – og dei store spørsmåla i livet blir ein del av leiken. Me møter ein gut som nettopp har mista bestefaren sin. Sorga tar han med på ei fantasireise til havets botn, der draum og verkelegheit, sorg og minne smeltar saman og hundrevis av barn kjempar i ein vill kamp. Og mens alt dette utspelar seg, står ein dinosaur utanfor vindauget hans. Eller er det berre tankane som løper løpsk?
«Hundrevis av barn i vill kamp» er teater sett gjennom barnet sine auge. Stykket set ord på mange av dei store spørsmåla barn stiller vaksne. Kanskje blir det lettare for dei å dela tankane sine etter å ha sett framsyninga?
Passar for barn frå 5 år. Framsyningslengde: 50 minutt (ingen pause).
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Hamnegata 1, 5411 Stord Island, Norway, Hamnegata 1, 5411 Leirvik, Norge, Ølen, Norway
Tickets