Advertisement
Finn roa når det røyner påStress møter vi alle – gjennom uro, bekymringar eller livsendringar. Torsdag 15. januar er Hanne Suorza gjest på årets første møte i Seniorakademiet i Sykkylven. Der vil ho dele enkle og jordnære måtar å forstå og handtere stress på. Ho viser korleis pust, kvile, natur og små justeringar i tankesettet kan hjelpe oss til å finne meir balanse og overskot.
Foredraget er lett å følgje og gir praktiske verktøy og inspirasjon som kan passe for alle – uavhengig av livssituasjon. Med varme og innsikt inviterer Hanne til ein time der vi kan stoppe opp, senke skuldrene og hente inspirasjon til å ta betre vare på oss sjølve – både i kvardagen og møte med livets utfordringar.
Hanne Suorza er gründer som har skapt si eiga bedrift i heimbygda Sykkylven. Ho er dagleg leiar av stressmeistringsappen Mestre, som er utvikla i samarbeid med lege og psykiater Bjarte Stubhaug og i meir enn ti år har ho formidla kunnskap og øvingar innan stressmeistring både til enkeltpersonar og bedrifter. I 2025 vart ho kåra til Årets gründer under KIN Awards i Ålesund.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sykkylven Kino og Kulturhus, Kyrkjevegen 2, 6230 Sykkylven, Norge, Aalesund, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





