BEHARIE - When The Silence Gets Too Loud

Fri, 16 Jan, 2026 at 08:00 pm

Fosnavåg konserthus | Aalesund

Fosnav\u00e5g konserthus
Publisher/HostFosnavåg konserthus
BEHARIE - When The Silence Gets Too Loud
Advertisement
BEHARIE kjem til Fosnavåg i januar! I skjæringspunktet mellom indie, folk og soul finn du Beharie. Stemma hans er rik, kraftig og rå i si formidling – kvalitetar som støttar opp under den stadig meir personlege låtskrivinga, som når nye høgder på Beharie sitt komande andrealbum "When The Silence Gets Too Loud".
Første singel er «Everybody Tells Me To Let Go», ei låt som handlar om undertrykking, om å ikkje kunne vere seg sjølv, og om å bli fortalt ei sannheit ein ikkje passar inn i. Låten har ein nerve som likevel framstår håpefull i instrumental driv og bodskap.
Sjølv om musikaren frå Sandnes hentar inspirasjon frå etablerte artistar innan soul, R&B og folk, er uttrykket noko som er distinkt Beharie. Som liveartist har Beharie raskt etablert seg blant Norges aller fremste namn, med evna til å skape magiske augneblink uansett arena med unik tilstadevering. Han har spelt for fulle hus på alt fra intime klubbscener til hovudscenen på Øyafestivalen og utseld Rockefeller. Samarbeid med anerkjente aktører som Stavanger Symfoniorkester og Kringkastingsorkesteret (KORK) understrekar hans musikalske spennvidde, og evna til å løfte låtane til nye høgder.
Han konfronterer tema som pessimisme, skuffelse, kjærleik og kjensla av å mislykka som 30-åra kan by på, i eit samfunn der det aldri har vore lettare å samanlikne seg med andre. Tekstane teiknar biletet av ein usikker musikar, et bilete som står i sterk kontrast til musikken vi får presentert. For i sin kreativitet og låtskriving har Beharie aldri strålt av større sjølvtillit enn han gjer nå. For å følge med på konsert -og turnédatoer besøk: https://www.beharieofficial.com/tour-dates
Advertisement

Event Venue

Fosnavåg konserthus, Gerhard Voldnes veg 7,Fosnavåg, Norway, Aalesund

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Concerts in AalesundIndie in Aalesund

Ask AI if this event suits you: