Advertisement
På skjermen til eit oscilloskop kan ein teikne med lyd: eit lydsignal styrar lyspeikaren langs x-aksen og eit anna lydsignal styrer signalet langs y-aksen og med lydens vibrasjonar teiknast figurar på skjermen. Handteikna lyd er eit kunstnarisk forskingsprosjekt leia av animatør Trygve Nielsen der denne prosessen blir snudd rundt. Ved hjelp av ny programvare har han og animatør Tuva Synnevæg laga teiknefilmsekvensar med enkle strekfigurar og konvertert desse til lydfiler. Desse lydklippa kan spelast av, samstundes, som lyd gjennom høgtalarar og som bilete på oscilloskopet. I konsert samanheng spelast lydane av som samplingar frå ein synth i samspel med ein eller fleire musikarar. Når lydane blandast påverkast bilete, og musikarane skapar lyd og bilete i augneblikket. Det som før var kontrollerte bevegelsar og lyder blir her til eit levande virvar av figurar berre delvis under dei improviserande musikarane sin kontroll.Prosjektet har blitt presentert som både konsert og installasjon, på blant anna Fredrikstad animasjonsfilm festival, Tonehimmelfestivalen, AR@K konferansen på Høgskulen Kristiania og Volapük kunstnarkollektiv.. På Kristiansund kunsthall ønsker vi å presentere det som ei blanding, ein sakte, open konsert, der publikum vil få god innsyn i prosessane og rom til å reflektere eller undre seg over samanhengane mellom lyd og bilete. Vi ønsker gjerne dialog med musikarar, kunstnarar eller andre interesserte om våre eller liknande verk og arbeidsprosessar. Vi bring med oss katalog og ann trykt materiell som gjes til dei som ønsker innsikt og bakgrunsinformasjon gjennom desse.
Animasjon: Tuva Synnevåg, Trygve Nielsen
Musikarar: Morten Bjørbæk Møller (tverrfløyte). Kristian Johannesen (synth). Trygve Nielsen (synth)
Advertisement
Event Venue
Bernstorffstredet 2, 6510 Kristiansund, Norway, Bernstorffstredet 2, 6509 Kristiansund, Norge, Kristiansund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






