Advertisement
Velkomen til eit seminar der segner, tekstilkunst, litteratur og lokalhistorie blir vovne saman – og der jakta på Hekneveven held fram!Gudbrandsdalsseminaret er eit årleg fagseminar som set søkjelys på historie, kultur og samfunnsutvikling. Seminaret er ein møteplass for både fagfolk og historieinteresserte, og har som mål å belyse aktuelle og historisk forankra tema gjennom føredrag og samtale.
I år vert seminaret arrangert i samband med opninga av utstillinga «Jakta på Hekneveven» på Maihaugen. Utstillinga viser 12 biletvevar frå museumssamlinga og følgjer både jakta på dei anonyme vevarane og den rike motivhistoria i vevnadene.
Seminaret er òg ei helsing til forfattaren Lars Mytting og romanane «Søsterklokkene» (2018), «Hekneveven» (2020) og «Skråpånatta» (2023). Mytting deltek i samtale om romantrilogien om Hekneveven saman med Tormod Stauri frå Gudbrandsdal historielag.
Sjå fullt program her: https://maihaugen.no/hva-skjer/gudbrandsdalsseminaret-2026
Seminaret er ope for alle som vil delta.
Deltakaravgift: 150 kr
Lunsj: 240 kr
Påmeldingsfrist: 9. mars.
Arrangementet vert gjennomført i samarbeid mellom Gudbrandsdal historielag Dølaringen, Gudbrandsdalsmusea og Maihaugen – Stiftinga Lillehammer Museum.
Advertisement
Event Venue
Maihaugvegen 1, 2609 Lillehammer, Norway, Maihaugvegen 1, 2609 Lillehammer, Norge, Lillehammer, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











