Advertisement
Laurdag 10. januar kl 13:00 i Sprang kan du få med deg gratis visning av framsyninga Snøsong.Snøsong er ei framsyning som skildrar augeblikk frå eit enkelt liv i ei fjellbygd. Verket byggjer på Jon Fosse si diktsamling Stein til stein - 39 dikt og 1 salme.
Musikarane i Mojna (Thomas Eriksson, Tuva Færden og Anna Malmström) møter dansar, songar og skodespelar Brigitte Blomlie i eit rom som blir til eit abstrakt fjellandskap, der tåka ligg tett og det er kvitt så langt auga kan sjå.
Med mjukt og melodisk spel skapar dei ei verd der ein kan ein sjå for seg og høyre korleis sola skin ein kald vintermorgon.
Dei mange tradisjonsdansane utgjer pilarane når fjellets melankolske skjønnheit møter Fosse sine dikt. Blomlie i fri utfalding dansande i hallingtakt, frigjer krafta som ligg i fjellets majestetiske rike. Vidare inn i ein varsom vals på snøkledde toppar, melankoli i tretakt, på ein drøymande stig gjennom valdresspringarens ville rørsle.
Dramaturg: Vetle Springgard
Scenografi: Martin Skogli
Co-produsert av Sprang, støtta av FFUK.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål kulturhus, Myren 40,Ål, Hønefoss, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.









