Advertisement
Med eit kritisk blikk på det kristenkonservative miljøet i Noreg, tar framsyninga eit oppgjer med dei drepande konsekvensane av ikkje å kunne elske fritt.Framsyninga er oppkalt etter det 20. kapittelet i Første Samuelsbok i Det Gamle Testamentet, som fortel historia om den djupe kjærleiken mellom gjetarguten David og kongssonen Jonatan. Med parallellar til Bibelen blir det fortald ei historie som handlar om kjærleik så sterk at den overlever barrierar i samfunn og tru.
I framsyninga møter vi David, som kvar kveld låser seg inn i ei tom kyrkje der han får besøk av den avdøde kjærasten Jonatan. Her har dei den same samtalen igjen og igjen; vi får innblikk i parets utfordrande fortid, prega av traumatiske erfaringar med homoterapi og oppvekst i eit kristen-tyrannisk miljø. Men denne kvelden blir annleis, da Jonatan for første gong avslørar den verkelege grunnen til at han døydde.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets