Advertisement
Fuglesamling, den 17. i rekka!22.-23. oktober blir det helgesamling for unge mellom 13 og 25 år som har lyst til å dansa folkedans. Du treng ikkje ha dansa før for å vera med, kurset passar for både nye og «drevne» dansarar!
Denne helga får me besøk av flinke Martin Myhr som skal vera instruktør for oss. Martin er kjent for å vera ein av dei beste hallingdansarane i landet, og du har kanskje sett han som skodespelar i juleførestillinga Putti Plutti Pott.
Multiinstrumentalist Olav Christer Rossebø, best kjent som Laffen, er med som musikar for kurset og skal spela dei beste rogalandsmelodiane han kan.
Som vanleg ordnar me pizza frå Pizzabakeren på laurdagen, men de må ha med det de treng av mat utanom dette sjølv. De må altså ha med eiga niste til lunsjmåltida, og også drikkeflaske og gjerne litt frukt.
Ein kan ikkje vera med på kurset dersom ein er sjuk.
Laurdag 22. oktober:
1100 - 1300 Velkommen, oppvarming og dans
1300 - 1345 Lunsj – eiga niste
1345 - 1700 Dans med pausar
1700 - 1800 Pizza
1800 - Opplading til Fuglen/sosialt
1900 - FUGLEN - dansefest for alle!
Søndag 23. oktober:
1000 – 1230 dans med nistepause
Kurset er gratis inkludert pizza laurdag.
Stad: Siddisstova, Rektor Oldensgt 17, Stavanger
Følg Fuglesamling på Instagram: @Fuglenfolk
Ta kontakt om du lurer på noko!
Det er kjempefint for oss om du melder deg på via skjemaet under:
Link kjem.
Du kan også berre møta opp på dagen utan å melda deg på i forkant, eller senda melding til [email protected] / tlf. 902 91 180 om at du kjem.
Fuglesamlingane i 2022 er:
22. - 23. januar (avlyst)
12. - 13. mars
2. april (Trekkfuglsamling, Vågen VGS)
13. - 15. mai (Fugletur til jubileumfest i Oslo)
3. - 4. september
22. - 23. oktober
Hald av datoane!
Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, i samarbeid med BUL Stavanger, FolkOrg/Dextra musica og Rogaland ungdomslag
Advertisement
Event Venue
BUL Stavanger, Siddis-stova, Rektor Oldensgt 17,Stavanger, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.