Advertisement
Sør-Afrika – Noreg på sykkel! 25 000 km, 26 land og 4 år på sykkel.Onsdag 5. november kl. 18 inviterer Bømlo Turlag og Bømlo folkebibliotek til eit fantastisk foredrag med Teresie Hommersand.
Etter seks år i Cape Town bestemte Teresie seg for å sykle heim i staden for å fly, på grunn av klimaendringane og eit ønskje om å redusere sitt eige karbonavtrykk.
Dette handlar om meir enn det å sykle. Det handlar om eit individ si evne. Motet til å lytte til seg sjølv. Om all omsorga og kjærleiken som har prega alle menneskemøta langs vegen – på tvers av landegrenser, kultur, språk, religion, kjønn og generasjonar. Det handlar om fantastisk natur! Nytenking og kreativitet. Om at det å vere klimavennleg ikkje treng å vere kjedeleg eller gå på kostnad av livskvalitet. Tvert imot. Dette er eit eventyr for livet!
Bli med på ei unik reise på to hjul, gjennom spektakulære landskap, rike kulturar, lammande 50 °C og bitande –30 °C
Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett på bomlokulturhus.no eller i skranken for å sikre seg plass.
Velkommen!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Norway, Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Norge, Ølen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








