Advertisement
Romsleg ønsker med dette velkommen til bokbad i Bergslagen på Sunde, med den kritikarroste forfattaren Brynjulf Jung Tjønn. Forfattar Mona Vetrhus vil leia samtalen, som tek utgangspunkt i utanforskap, identitet, tilhøyrsle og rasisme. Som adoptivbarn frå eit asiatisk land, har slike tematikkar danna utgangspunkt for Jung Tjønn sin forfattarskap.Det haldningsskapande arbeidet kring mangfald og aksept er, som nyheitsbiletet har vist dei siste månadane og åra, stadig sørgeleg aktuelt. Bøkene til Brynjulf Jung Tjønn bidreg ikkje berre til å setje søkelys på desse tinga, men framstår også som bevisstgjerande og viktige i den stadig meir fleirkulturelle verda me lever i. Ingunn Økland omtala til dømes diktsamlinga «Kvit, norsk mann» som "et vemodig, vitalt og nødvendig bidrag til samtidslitteraturen." (Aftenposten)
Brynjulf Jung Tjønn (f.1980) skriv bøker for både vaksne, ungdom og barn. Han har vunne Brageprisen for ungdomsromanen «Så vakker du er» og P2-lyttarane sin romanpris for «Kvar dag skal vi vere så modige». For diktsamlinga «Kvit, norsk mann» fekk han Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk Litteraturpris. Oppfølgjaren «Norsk kjærleik» blei nominert til Brageprisen i fjor. Tjønn har bakgrunn som journalist, forlagsredaktør og leiar for Den norske Forfatterforening.
Arrangementet passar for ungdom og vaksne, og er gratis for ungdom mellom 13-20 år. Bestill gratisbillett for å sikre plass på https://bergslagen.hoopla.no/event/brynjulfjungtjonn.
Velkommen!
Foto: Maria Kleppe Vihovde/Cappelen Damm
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Bergslagen, Solbakken 9, 5450 Sunde i Sunnhordland, Norge, Ølen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








