Advertisement
Vi har gleda av å invitere til eit lunsjseminar med fagleg relevans for dei som er opptekne av utviklinga av forskingskompetansen til studentane, rekruttering til ph.d., og generell kvalitetsutvikling i lærarutdanningane.Dette inkluderer å sjå på moglegheiter for å rekruttere kandidatar til p.hd.-utdanning frå eigne rekker, spesielt etter fullført femårig lærarutdanning.
Professor Rune Krumsvik frå Universitetet i Bergen, leiar for Nordisk Forskerskole for Utdanningsforsking, vil løfte fram av viktigheita av å styrke kunnskapsgrunnlaget innan forskarutdanning, og dessutan adressere ulike aspekt rundt kunnskapsberedskap og inntakskvalitet på ph.d.-nivå.
Førsteamanuensis Hege Eikeland Tjomsland frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) presenterer arbeidet som blir gjort ved forskarlinja for grunnskolelærarstudentar på HVL.
Espen Søreide Dyngeland, tidlegare forskerlinjestudent og no stipendiat ved HVL, fortel om erfaringa si.
Førsteamanuensis Dragana Surkalovic og studieleiar Gørill Warvik Vedeler frå OsloMet presenterer FoU-søyla ved grunnskolelærarutdanninga på OsloMet.
Seminaret vil bli avslutta med tid til spørsmål og diskusjon.
Det blir servert enkel lunsj.
Arrangementet blir strøymt.
Frist for påmelding hvis du deltek fysisk er 30. oktober.
Les meir og meld deg på: https://www.oslomet.no/om/arrangement/forskarutdanning-lerarutdanningane-rekruttering-eigne-rekker
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Pilestredet, Oslo, Norway
Tickets