Advertisement
Velkomen til Trøll-kveld for vaksne!Me får besøk av forfattar Sigri Sandberg som vil snakke om tre av bøkene sine:
«Mørke» (2019) – om lysforureining og vår frykt for mørket
«Ro» (2022) – om ein lang rotur heim og inn Sognefjorden
«Det året eg vakna» (2025) – om å tore å ta inn over seg kva som faktisk skjer med klima og natur
Sigri vil dele refleksjonar om mennesket sitt forhold til naturen og kva som skjer når dette forholdet blir utfordra, med utgangspunkt i eigne opplevingar og bilete frå fjord og fjell.
Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og forfattar. Ho har arbeidd for norske aviser i over 25 år, og har skrive nær tjue bøker om natur, friluftsliv, klima og polare område. Sandberg har budd fleire år på Svalbard, og er oppvaksen i Gulen og Bergen. I dag bur ho i Oslo og Luster.
Gratis inngang.
Arrangør: Trøll i ord og Hemsedal bibliotek.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Hemsedal bibliotek, 3560 Hemsedal, Norway, Skarsnuten Management, 3560 Hemsedal, Norge, Lillehammer, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










