Advertisement
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå ein gard Granvin i Hardanger, der ho no bur, etter 25 år på Austlandet. I 2025 er det tjue år sidan ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt. Sidan har det blitt kring tjue bøker, for både barn og vaksne, og i alle slags sjangrar – frå dikt til krim. Mest kjend er ho kanskje for diktbøkene Urd (Brageprisen 2013) og Sigd, og thrillerane Alt er mitt og Av mitt blod, som har kome ut på mange språk. Ho har tidlegare arbeidd i forlag og i departement, men har dei ti siste åra vore forfattar på fulltid. I tillegg til skrivinga, har ho drive mykje med formidling, åleine og saman med musikarar. Denne kvelden vil Ruth Lillegraven fortelje meir om kvar idear kjem frå, om korleis ho enda med å skrive i så ulike sjangrar, om skriveprosess og om dei raude trådane i eigen forfattarskap.Som ein del av Vinterles, Hallingdalsbiblioteka sin lesekampanje for vaksne, kjem Lillegraven på turne til fleire bibliotek i dalen. Velkomen til eit spennande forfattarbesøk!
Arrangementet er gratis! For å sikre deg plass kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål bibliotek, Myren 40, 3570 Ål, Norge,Ål, Hønefoss, Norway
Tickets