Advertisement
Foredrag med Arill RiiseOnsdag 27. november
Biblioteket i Knarvik kl. 18
Velkommen til foredrag med Arill Riise.
Arill Riise fortel frå si nyaste bok «Der ingen var einsam: klyngjetunet som vart utsletta». Boka tek for seg heimstaden til forfattaren, klyngjetunet Riise der han vaks opp og skildrar kva som gjekk tapt då klyngjetunet Riise vart utsletta av snøskred 19. februar 1968.
Arill Riise var 9 år då det store snøraset gjekk i Hjørundfjorden og tok med seg heimen til Arill og heile klyngetunet han så langt hadde vore ein del av. Riise fortelje om livet i Klyngetunet og raset som endra alt.
Riise er eit kjend fjes for dei fleste som journalist og programleiar for både NRK og TV2 sidan 1980-talet. Riise vart tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012, Kringkastingsprisen i 2016 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2021. «Der ingen var einsam: klyngjetunet som vart utsletta» er hans fjerde bok.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Biblioteket i Knarvik, 2. etasje AMFI Knarvik, Kvernhusmyrane 33, 5914 Isdalstø, Norge,Knarvik, Bergen, Norway