Advertisement
Biblioteket inviterer til heilaftan i folkemusikkens teikn. Det blir utvida opningstid med live folkemusikk, open kafé, og dans mellom bokhyllene. 18.00-18.45: Lynkurs i folkedans i Storsalen. Perfekt for deg som aldri har dansa før, eller som er litt rusten i takta!
Kl 18.45-19.30: Dansekonsert med TØYR
19.30-21.30: Dansespel med lokale utøvarar og spelemannslag.
Alt skjer i Storsalen i bibliotekets første etasje.
Kafeen vil vere open under heile kvelden.
Gratis inngang!
TØYR er ei gruppe med utspring fra Ole Bull-akademiet. med fokus på eigenskrevne låtar og god, svingande tradisjonsmusikk. Dei held no til i Bergen, der dei hentar vel så mykje inspirasjon som frå heimtraktene; Sunnmøre, Trøndelag og Gudbrandsdalen. TØYR spelar både sjølvkomponert og tradisjonell bygde- og runddansmusikk. Dei arrangerar i eigen stil med fokus på instrumenta, melodiane og dansetakta.
Bergen Ungdomslag Ervingen har teke initiativ til kvelden, og stiller med musikarar og dansarar. I tillegg kjem fleire utøvarar og spelemannslag frå bergensområdet til å spele i løpet av kvelden.
Advertisement
Event Venue
Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norway, Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











