Advertisement
FOLK på FREDAG sesongstart!Kjøp billett på førehand på suldal.kulturhus.no
kl 19.00: DRØS opnar
kl 20.00: Konsertar: Eir og Vidar Seljen Høydal + RIDGE VALLEY GLOBETROTTERS
Musikalsk vert: Mark Laurenson
Etter konsertane: Jam, prat og mat
Inngang kr 300,-
---------
RIDGE VALLEY GLOBETROTTERS
Mattias Thedens (fele), Michael Barrett Donovan (gitar, vokal), Olav Christer Rossebø (mandolin, fele), Vidar Starheimsæter (bass).
Ridge Valley Globetrotters er eit tradisjonelt Old Time stringband som spelar folkemusikk frå det sør-austlege USA på den gode gamle måten. Old Time Music oppstod som eit resultat av møtet mellom musikktradisjonar frå Europa og Vest-Afrika, og spring ut frå fjellkjeda Appalachene. Bandet består av ein gjeng svært erfarne musikarar med bakgrunn frå norsk folkemusikk, populærmusikk og bluegrass. RV Globetrotters blir leia av Mattias Thedens, som i tillegg til å vera ein kjend utøvar av norsk folkemusikk mellom anna i bandet Gangar, også har vunne ei rekkje prestisjetunge prisar for felespelet sitt i USA. På konsert med Ridge Valley Globetrotters får du høyra virtuose ‘contest tunes’, drivande danselåtar med energisk vokal, og gamle balladar. Bandet sitt aller første album slepper dei i april 2026. Vanlegvis er dei kvintett, me får høyra dei i kvartettutgåve som me trur vil bli energisk og heftig så det held!
------------------------------------
Eir & Vidar
Eir Seljen Høydal (vokal, harmonium), Vidar Seljen Høydal (gitar, mandola)
Vidar og Eir Seljen Høydal flytta til Suldal frå Stavanger hausten 2025 og har busett seg på Kløv i Sandsbygda kor dei dyrkar det gode liv med dottera Tuva. Vidar har blitt medlem av Suldal folkemusikklag, det splitter nye laget for spel, dans og song og andre speloppar her i Suldal, og jobbar elles frilans. Eir har fått jobb som glimrande omreisande musikklærar i kommunen og saman har dei opna ein residens for musikarar som ønskjer å koma og øva og produsera musikk hjå dei på Kløv. Saman spelar dei også i visefolk-trioen Veijr. På Folk På Fredag vil dei spela og syngja eit knippe låtar frå Nordfjord og Rogaland, og me gler oss!
____________________________
DRØS held ope og serverer heimelaga mat og fredagsdrikke etter ønskje.
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
8. mai: Erik Aldner + MARK LAURENSON & VIDAR BERGE
25. sept: Stavanger folkemusikklag + Anders Hana og Morten Vestbø + EDEN/KVIFTE/NESHEIM
2. okt: Lazy River m/Håkon Nielsen + SIGRID MOLDESTAD TRIO
6. nov: Folkemusikk-kavalkade + VÅG
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs matbar og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.
Sjå mindre
Advertisement
Event Venue
Suldal kulturhus, 4230, Løhaugen 1, 4230 Sand, Norge, Sauda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






