Advertisement
Ei framsyning om Sissel Solbjørg Bjugn.Poet. Feminist. Kristen. Sosialist. Absurd. Ist.
I den vesle leilegheita si sit ein av Noregs viktigaste forfattarar og poetar. I Heidi Ruud Ellingsen si tolking blir Sissel Solbjørg Bjugn vekt til live, 13 år etter at ho gjekk bort. Gjennom Sissels eigne ord - både dikta ho skreiv og intervjua ho gav – viser ein uredd diktar seg. Ein diktar som sprengde grenser, som var full av humor, leiken og fandenivaldsk. Men òg eit menneske med behov, med lengslar, med mørke tankar. Kvifor svarar ho ikkje når telefonen ringer? Kvifor gøymer ho seg bort åleine i leilegheita og dagdrøymer om å vere Kate Bush? Og - er det verkeleg så krise å skrive ordet fitte?
Tor Eystein Øverås kjente Sissel Solbjørg Bjugn i nesten tjue år, og var mellom dei få som hadde nær kontakt med henne til ho uventa døydde, 63 år gammal. Bjugn hadde testamentert arkivet og forfattarrettane til Øverås. Med utgangspunkt i brev og intervju med personar som kjente og samarbeidde med henne, var han redaktør for boka Skrive, teikne, røre og slåst!: av og om Sissel Solbjørg Bjugn. Her teiknar Øverås eit portrett av poeten, barnebokforfattaren, illustratøren og den radikalt religiøse og samfunnsengasjerte S.S. Bjugn. Øverås har også samla dikt, tekstar og illustrasjonar som Bjugn hadde på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar. Den finaste f…a i Nordland er eit ekstrakt av dette og eit innblikk i ein forfattarskap og eit menneskehjarte.
Av Tor Eystein Øverås
Med Heidi Ruud Ellingsen
Musikar Håvard Stubø
Regissør Marie Blokhus
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets