Advertisement
"A Complete Unknown" er ein amerikansk biografisk dramafilm regissert av James Mangold, som skreiv manuset saman med Jay Cocks. Den er basert på 2015-boka Dylan Goes Electric! av Elijah Wald.
Filmen handlar om kontroversen rundt overgangen til
elektrisk forsterka instrumentering av Bob Dylan.
Me befinn oss rundt den dominerande musikkscena i New York i byrjinga av 60-talet, og følgjer den 19-årige Bob Dylan (Timothée Chalamet) si meteoriske reise som folkesongar. Han blir ein verdssensasjon med låtane og mystikken sin, og det kulminerer i den banebrytande elektriske rockekonserten han hadde på Newport Folk Festival i 1965.
Det blir fyrispel med servering av godsaker i baren, quiz og unyttig musikkunnskap frå den over snittet musikkinteresserte trioen Riise, Gjeldokk og Seterdal.
Slå deg saman med kunnskapsrike eller berre gode vener, maks
seks pr lag, og kom på quizen før A Complete Unknown kjem på
lerretet. Vinnarane får flotte premiar, meistringskjensle og godt omdøme...
Quizmaster: Morten Gjeldokk og Lars Riise
Gitar: Odd Halvard Seterdal
Storesalen
Fyrispel m/quiz kl. 19.30
Filmen startar kl. 20.45
200,-
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål kulturhus, Myren 40,Ål, Hønefoss, Norway
Tickets